Innsatsområde

Kva slags område skal me prioritere?

Strategiske innsatsområde

I denne delen tek planen for seg korleis dei ulike prioriterte strategiane skal konkretiserast og realiserast. Planen tek utgangspunkt i dei tre overordna strategiane, og beskriv kvar delstrategi med hovudaktivitetar som i neste omgang skal skape grunnlag for forpliktande tiltaksplanar og partnarskapsavtalar mellom dei involverte aktørane. Strategiane med tilhøyrande delstrategiar skal gjelde for heile planperioden, medan hovudaktivitetane og tiltaka vil bli gjennomført på ulike tidspunkt.

Kvar strategi vert i denne delen beskrive nærare, og det vert peika på relevante utfordringar og mogelegheiter som er henta frå kunnskapsgrunnlaget og innspela frå arbeidet med planen, i tillegg til effektmål, resultatmål og overordna mål for den enkelte delstrategien. Slik vert føringane frå del 1 brotne ned og gjort konkrete.

I tabellane per delstrategi vert det føreslått hovudaktivitetar med aktuelle tiltaksområde og ansvarleg som skal gje grunnlag for prioriterte satsingar i tiltaksplanane i del 3. Desse hovudaktivitetane skal som utgangspunkt gjelde for heile planperioden, medan tiltaka vil bli rullerte undervegs.

Mål, strategiar og tiltak må tilpassast dei einskilde stadene i Sogn, og det bør lagast lokale strategiske tiltaksplanar for reiselivet per stad med bakgrunn i masterplanen og lokale utfordringar og moglegheiter. I dette arbeidet bør ein sjå til dei andre stadene i og utanfor Sogn.

Merkinga under tiltaksområda i tabellane som t.d. B2, B4 og C4-1 syner til kriteriane i Innovasjon Norge sin Standard for Bærekraftig reisemål - Kriterier og indikatorer, versjon 2.0 per 04.07.2017

Forvaltningsorgansisasjonene består av:
Nærøyfjorden verneområdestyre og Stølsheimenverneområdestyre, Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, Breheimen nasjonalparkstyre og Statsforvalteren i Vestland

Strategi 1

Utvikle fellesressursane

Overordna mål

Ta vare på sårbar natur, og jobbe systematisk med styrt tilrettelegging gjennom kommunale planar i tråd med forvaltningsplanar og besøksstrategiar for verneområda

Effektmål

  • Verdiskapinga basert på naturressursane har auka
  • Trafikken er spreidd ut over regionen
  • Trafikkstyring med særleg vekt på å unngå ferdsel i sårbare naturområde med vekt på naturtypar og artar
  • Belastninga på naturen er mindre på grunn av betretilrettelegging
  • God informasjon gjev betre opplevingar
  • Konfliktpotensialet mellom ulike interesser er redusert

Utfordringar

  • Manglande tilrettelegging for ferdsel skapar unødig slitasje på naturen
  • Fråvær av infrastruktur og kommersielle aktørar gjev lite midlar til å drive vidareutvikling og tilrettelegging
  • Mangel på trafikkstyring skapar logistikkutfordringar påenkeltpunkt og for låg trafikk på andre

Moglegheiter

  • Utvikle standardar for tilrettelegging og merking avnaturområde og interessepunkt for Sogn
  • Etablere trafikkstyringssystem for bruk av naturen
  • Etablere god infrastruktur og informasjonsløysingar forbruk av naturen

Innsatsområde

Besøksforvaltning
Utvikle det tilrettelagde turstinettet i Sogn
Gje informasjon om sårbar natur og lage reglar for skånsom ferdsel

Overordna mål

Kartlegge, løfte fram, ta vare på og utvikle kulturverdiane i heile Sogn som ressurs for reiselivsutviklinga

Effektmål

  • Auka merksemd rundt den lokale materielle og immateriellekulturarven
  • Sogn er eit anerkjent reisemål for kulturopplevingar
  • Verne- og restaureringsarbeidet vert styrka gjennom aukatilrettelegging, bruk og inntekter

Utfordringar

  • Kulturminna manglar midlar til å bli sett i stand, tekne vare på og formidla til publikum
  • Det er i for liten grad skapt gode koplingar mellomreiseliv og kultur
  • Den immaterielle kulturarven i liten grad gjorttilgjengeleg og helde i hevd

Moglegheiter

  • Ta i bruk og løfte fram kultur som attraksjonsfaktor ireiselivet
  • Nytte materiell og immateriell kultur og kulturminne sombase for å skape nye reiselivsprodukt
  • Utvikle og forvalte identiteten og profilen til Sogn, ogbruke den i produktutvikling og marknadsføring

Innsatsområde

Kartlegging
Vern gjennom bruk
Organisere utviklingsarbeidet i møtet mellom kultur og næring

Overordna mål

Etablere ein samanhengande infrastruktur for besøkande og fastbuande som bidreg til ei god oppleving av staden

Effektmål

  • Auka status og attraktivitet som reisemål og buområde med betre lokal og regionalinformasjon, offentleg servicetilbod og transport til gode for tilreisande og fastbuande
  • Det vert teke omsyn tillandskapets fysiske og visuelle integritet ved gjennomføring av bygg- og anleggstiltak

Utfordringar

  • Tilreisande skapar press på den offentlege infrastrukturen for parkering, skilting, toalett, renovasjon, vegstrukturar og ikkje-kommersiell overnatting
  • Infrastrukturutviklinga krev samhandling og organisering på tvers av kommune-grensene med tydeleg forankring i kommuneplanane og avklaring av drift og administrasjon
  • Rutenettet for offentleg transport i regionen er trua av reduksjon og endringar i tilbodet

Moglegheiter

  • Gi Sogn ein sterk posisjon som tilrettelagt reisemål vedutvikling- og tilrettelegging av servicetilboda, infrastruktur og transportløysingane med reduserte konfliktar knytt til naturmangfald og grunneigarinteresser
  • Ta posisjon på nye løysingar for fellesgodeforvaltning og -finansieringkan gi betydelege inntekter for vidare infrastrukturutvikling
  • Nytte ny teknologi og endra reiseåtferd i arbeidet med åutvikle reiselivet i Sogn

Innsatsområde

Rutetilbod og mobilitet
Informasjon og booking
Tilrettelegging av vegnett, hamner og lufthamn
Lokal og regional infrastruktur og lokalsamfunnsutvikling
Beredskap

Overordna mål

Ta eigarskap til offentlege og tilgjengelege data for å få innsikt til bruk i vidare utviklings- og forvaltningsarbeid

Effektmål

  • Betre produkt, tenester og tilrettelegging i heile regionen

Utfordringar

  • Uoversiktleg og uavklart landskap i dag
  • Krev mandat frå fleire, og nye ressursar som ikkje finst idag
  • Komplisert juridisk og praktisk

Moglegheiter

  • Vil endre føresetnadane for å drive god besøksforvaltning
  • Ny og verdifull innsikt i kva som er utfordringane ogmogelegheitene
  • Ressurs som kan brukast av alle aktørar i reisemålet og lokalsamfunnet

Innsatsområde

Kartlegge og avklare organisering og drift av datastruktur for innhenting av kundedata

Strategi 2

Utvikle næringa

Overordna mål

Målretta utviklingsprogram for utvikling av heilårlege, berekraftige aktivitetar, attraksjonar og overnatting med høg kundeopplevd kvalitet.

Effektmål

  • Fleire startar opp, driv og er sysselsette i reiselivsnæringa i Sogn
  • Sogn er ein attraktiv bu- og besøksregion
  • Tal innbyggjarar og besøkande i regionen aukar

Utfordringar

  • Kort sesong avgrensar verdiskapinga og tilgjengelegheita
  • Svak økonomisk evne i næringa til å investere i langsiktig utviklingsarbeid
  • Smal og lita aktivitets- og opplevingsnæring

Moglegheiter

  • Aktivitetar er det viktigaste ved val av reisemål, stort unytta potensiale i Sogn
  • Auka samarbeid kan gje fleire nye produkt, tenester og aktørar
  • Heilårsaktivitet skapar heilårsjobbar og fleire innbyggjarar

Innsatsområde

Samarbeid om aktivitets- og attraksjonsutvikling
Fyrtårnsetablering
Målretta utviklingsprogram for næringa
Akkvisisjon
Universell utforming
Jobbkvalitet for tilsette

Overordna mål

Sette i system og løfte opp eit samanhengande arbeid med mat- og drikkeregionen Sogn

Effektmål

Utfordringar

  • Krev stor utstrekning av samarbeid mellom aktørar som ikkje jobbar saman i dag
  • Det må investerast store ressursar i utviklingsarbeid
  • Bryt med eksisterande strukturar for produsent og servering

Moglegheiter

  • Har produksjon av alt som skal til for å skape ein komplett mat- og drikkeregion
  • Ny infrastruktur og utvida samarbeid på plass siste åra
  • Stor verdi som del av merkevara Sogn

Innsatsområde

Produsentsamarbeid
Foredling og produktutvikling
Distribusjon
Felles merkevare og profil

Strategi 3

Utvikle verktøya og rammene

Overordna mål

Sogn er føregangsregion i landet på utvikling av eit berekraftig reisemål, og har sikra god forankring og deltaking på tvers av sektorane med 50% reduksjon av regionale klimautslepp innan 2030, og natur- og reiselivsopplevingane skal utviklast medb akgrunn i kompetansen om tåleevna for natur, kultur og lokalsamfunna.

Effektmål

  • Aktørane i Sogn er i leiinga i bruk av ny miljøvenleg teknologi
  • Tydeleg medvit rundt berekraft i alle delar av samfunnet i Sogn
  • Sogn er nasjonalt og internasjonalt anerkjent som berekraftig reisemål med tydeleg fokus og profil knytt til berekraft og kvalitet

Utfordringar

  • Utydelege føringar for kva som skal til for å bli berekraftig
  • Ulike syn på kva som er berekraftig og i kva grad det er viktig
  • Krevjande å forankre og informere om berekraftsarbeidet

Moglegheiter

  • Bygge Sogn si truverd som berekraftig reisemål og ta ein leiande posisjon hjå besøkande som er opptekne av miljø, berekraft og kvalitet
  • Sogn har gode føresetnadar for å vere berekraftig med utgangspunkt i rein energi og levande fjordbygder
  • Tydeleg berekraftsarbeid vil auke attraksjonskrafta til nye og eksisterande aktørar og heve kvaliteten på alle delar av produkt- og tenesteporteføljen

Innsatsområde

Miljøsertifisering og miljøpolicy
Kommunisere berekraft og samfunnsansvar
Vektlegge berekraftige marknader og målgrupper
Involvere lokalsamfunna
Utsleppsreduksjon
Måle transport til- og innan reisemålet

Overordna mål

Ta tidleg i bruk ny teknologi som er nyttig for reisemålet, reiselivsnæringa og lokalsamfunna

Effektmål

  • Sikre god datakvalitet som ressurs for forvaltnings- og utviklingsarbeidet
  • Meir effektiv drift og utvikling av reiselivet i regionen
  • Høgare innovasjonsgrad i næringa og det offentlege

Utfordringar

  • Innovasjonsarbeid krev vilje, evne og prioritering for å lukkast
  • Eksisterande strukturar og arbeidsformer vil bli utfordra og skape motstand
  • Reiselivet er i stor grad bygd på tradisjonelle forretningsmodellar, medan digitaliseringsmogelegheitene krev

Moglegheiter

  • Sterke teknologimiljø i Sogn både i offentleg, privat og akademisk sektor
  • Neste generasjons kundar er her alt, framleis råd å tene på å vere tidleg ute
  • Stor unytta potensiale for effektivisering og forsterking av eksisterande produkt og tenester

Innsatsområde

Digitale opplevingar

Overordna mål

Drive kontinuerleg kompetanseheving for aktørane i reiselivet, og ha referansebedrifter i alle relevante bransjer

Effektmål

  • Sogn har det fremste reiselivsfaglege miljøet i landet
  • Aktørane i Sogn set dagsorden for kompetanseutviklinga innanfor fagfeltet
  • Produkta og tenestene gir betre kundeopplevingar

Utfordringar

  • Lite samordna kompetanseutviklingsarbeid i regionen i dag
  • Lite samhandling mellom næringa, kompetansemiljøa og utdanningsinstitusjonane
  • Mangel på standardar og krav gjer det krevjande å måle status og utvikling

Moglegheiter

  • Betre kompetanse gjev betre føresetnadar for å lukkast med vidare utviklings- og marknadsføringsarbeid
  • Kompetanseutvikling hevar status for reiselivsyrka, som aukar attraktiviteten til arbeidsgjevarane i konkurransen om dei flinkaste folka
  • Tette og sterke fagmiljø knytt til utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø som kan levere fagleg innhald

Innsatsområde

Opplæring
Utvikle standardar
Rekruttering
Kunnskapsutvikling

Overordna mål

Reiselivet i Sogn er med å sette nasjonal dagsorden på reiselivsutvikling gjennom sterkt regionalt samarbeid, nyttig forskings- og utviklingsaktivitet og strategisk politisk verksemd

Effektmål

  • Aktørane tek i bruk dei verkemidla som er tilgjengelege i utviklingsarbeidet
  • Sogn får status som referanseregion på godtutviklingsarbeid i koplinga mellom reiseliv og lokalsamfunnsutvikling
  • Aktørane i Sogn får status som nasjonalt klyngesamarbeid innan reiseliv og lokalsamfunnsutvikling

Utfordringar

  • Reformer og endringar nasjonalt og regionalt krev nye måtar å samhandle og organisere arbeidet på
  • Digitalisering utfordrar dei kjende arbeidsformene for reisemålsarbeid
  • Hardare regional konkurranse om status og verkemiddeltilgang

Moglegheiter

  • Tydeleg retning vil sikre riktig posisjon
  • Tett samarbeid og tydeleg rolledeling mellom aktørane vil gje stor samla kraft – omverda er fragmentert
  • Sogn har ein sterk posisjon som kan nyttast opp mot nasjonale og regionale myndigheiter

Innsatsområde

Samarbeid i Sogn
Strategisk samarbeid med andre regionar, reisemål og kommunar
Politikk- og verkemiddelutforming

Overordna mål

Vere i front på å ta i bruk nye metodar for merkevarebygging, marknadsføring og sal slik at Sognefjorden står fram som det mest attraktive Fjordbaserte reisemålet i Norge i prioriterte marknader og målgrupper.

Effektmål

  • Auka verdiskaping frå berekraftige marknader og målgrupper heile året som respekterer og bidreg til å ta vare på natur- og kulturverdiane våre, og formidlinga av reisemålet bidreg til å auke bu- og arbeidsattraktiviteten til regionen.

Utfordringar

  • Dei tradisjonelle kanalane er i sterk endring og krev nye strategiar og ny kunnskap
  • Krev nye system, arbeidsformer og målretta og samordna satsing på å utvikle sterke miljø lokalt og regionalt
  • Alle aktørane vil i større grad måtte handtere raskare endring enn kva som har vore vanleg tidlegare

Moglegheiter

  • Digitale kanalar opnar for ein anna kommunikasjon med kundane som er betre tilpassa små reisemål og lokalsamfunn enn dei tradisjonelle
  • Digitale verktøy kan lett handtere fleire aktørar samtidig med rasjonaliseringspotensiale i å løyse meir av dette saman
  • Visit Sognefjord har ein sterk posisjon som bør forsterkast og vidareutviklast

Innsatsområde

Merkevara Sogn
Segmentering og marknadsstøtte
Innhaldsbase for Sogn
Målretta marknadsføring og sal
Digitale marknadsstrategiar