Strategi

Korleis skal reisemålet Sogn utviklast?

Om planen

Masterplan for reisemålet Sogn er det overordna styringsdokumentet for arbeidet med å utvikle reisemålet. Planen har tre delar: Strategi, strategiske innsatsområde og tiltaksplanar. Realiseringa av planen vil berre lukkast gjennom eit forpliktande partnarskap mellom kommunane, fylkes-kommunen, næringa, verneområda, verdsarvparken og reisemålsselskapet. Planen er utarbeidd av Visit Sognefjord på oppdrag frå Sogn Regionråd.

Planarbeidet er gjennomført i samsvar medrettleiaren til Innovasjon Noreg, som òg har vore med å finansiert arbeidet. Kvalifisering for merke som berekraftig reisemål er gjort samstundes. Planprosessen har følgt tre steg: Forstudie, strategiutvikling og frå ord tilhandling, med oppstart av analysearbeidet i 2017 og vedtak av ferdig plan i 2021. Meir informasjon om prosessen og arbeidet med planen finst i vedlegga til plandokumentet.

Kvifor masterplan?

Intensjonen med planen er å forvalte og styrke reisemålet Sogn til det beste for lokalsamfunnet, miljøet og dei besøkande ved å utvikle eit berekraftig reisemål som skapar livsgrunnlag for framtidige generasjonar.

Planen legg FN sineberekraftsmål til grunn, og byggjer på Innovasjon Norge og NHO reiseliv sintilpassing av UNWTO sine prinsipp for berekraftig reiseliv:

"Berekraftig reiseliv tek vare på natur- og kulturverdiane våre, styrkar dei sosiale verdiane og får fram stoltheita i lokalsamfunna våre, utviklar nye arbeidsplassar og sikrar ei verdiskaping som gjer reiselivsnæringa økonomisk levedyktig"

Masterplanen skal vere Sogn sin fremste reiskap for å leve opp til denne intensjonen. For å oppnå dette skal Sogn utvikle opplevingar, tenestetilbod og infrastruktur som gjer at Sognefjord står fram som eit attraktivt reisemål i verdsklasse og ein god stad å bu. Gjennom reiselivssatsinga skal både næringa og lokalsamfunna bli meir berekraftig ved å bidra til auka verdiskaping, sterkare miljø- fokus og betre samfunnsutvikling knytt til reiselivet i heile Sogn heile året

Visjon

Heile Sogn. Heilt ekte. Heile året.

Misjon

Heile Sogn. Syte for at alle delar av Sogn vert utvikla på stadane sine eigne premiss, og syne fram breidda av aktivitetar, tilbod og ulike stadar. Dyrke ulikskapen innanfor det me har felles, og eige region på korleis utviklinga skal vere.

Heilt ekte. Bygge reiselivet på naturverdiane, kulturhistoria og menneska som bur her sine premiss. Få fram livet i Sogn slik det faktisk er og har vore, og utvikle reiselivet i tråd med korleis me vil at det skal vere i framtida. Bygge opp under ei balansert samfunnsutvikling, som forvaltar ressursane på ein klok måte, og som får fram det særeigne i kvar einskild bygd og bedrift.

Heile året. Skape eit reiseliv som gjev stabile heilårs arbeidsplassar, som i neste omgang skapar nye innbyggjarar i lokalsamfunna, lønsame bedrifter som evnar å investere i vidare utvikling og som bidreg til å halde opp ei levande handels- og servicenæring i lokalsamfunna. Utvikle produkt og tenester som gjev jamn besøksmengd tilpassa stadane si tåleevne heile året, og som gjev dei besøkande gode kvalitetsopplevingar tilpassa årstidene.

Verdiar

Mangfaldig
Stolt
Inkluderande

Mangfaldig

Sterke på formidling av natur, kultur og historie

Heilt ekte

Stolt

Sterke på involvering og breidde

Heile Sogn

Inkluderande

Sterke på vertskapsrolla og samhandling

Heile året

Posisjon

Sogn skal vere det fremste reisemålet på å utvikle reiselivsnæringa på lokalsamfunna, naturen og kulturhistoria sine premiss. Det skal ein gjere gjennom å involvere lokalsamfunna i utviklingsarbeidet, og bidra til å fremje kunnskap om naturmangfald og kulturarv. Posisjonen skal fremjast gjennom tre prinsipp:

Sogn skal stå fram som eit av dei fremste reisemåla i verda og det beste av norske fjordlandskap med utgongspunkt i nokre av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i verda, tettleiken av levande fjordbygder og mangfaldet av aktivitetar, UNESCO verdsarven, nasjonalparkane, den lengste fjorden, den største breen, dei høgste fjella og dei fremste attraksjonane som mellom anna stav- kyrkjene, Flåmsbana og dei nasjonale turistvegane.

Ta i bruk heile Sogn

  • Syte for at reiselivet bidreg til utvikling av godelokalsamfun
  • Vere proaktiv på tilrettelegging og infrastrukturtiltak

Vere heilt ekte

  • Gjere formidling ein viktig del av vertskapsrolla
  • Drive systematisk kvalitetsutvikling av opplevingane

Vere open heile året

  • Satse på heilårsaktivitetar og -tilbod i utviklingsarbeidet
  • Syte for å ha infrastruktur tilpassa alle årstidene

Sogn skal stå fram som eit av dei fremste reisemåla i verda og det beste av norske fjordlandskap med utgongspunkt i nokre av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i verda, tettleiken av levande fjordbygder og mangfaldet av aktivitetar, UNESCO verdsarven, nasjonalparkane, den lengste fjorden, den største breen, dei høgste fjella og dei fremste attraksjonane som mellom anna stav- kyrkjene, Flåmsbana og dei nasjonale turistvegane.

Kva skal me oppnå - overordna mål

Reisemålsutviklinga i Sogn skal skape reiselyst og lokal verdiskaping gjennom utvikling av kvalitativt gode reiselivsprodukt, opplevingar og tilstrekkeleg infrastruktur, og regionen skal ha flest mogleg besøkande innanfor definerte tålegrenser heile året som blir lenge, betaler godt, opplev og smaker mykje, forureinar lite og har minst mogleg negativ verknad for natur, kultur og lokalsamfunna. Reisemålet Sogn skal utviklast innanfor rammene av desse overordna måla:

Verdiskaping

Sysselsettinga og verdiskapinga i reiselivet aukar med minst 5% i året i perioden, og reiselivet er av dei fem viktigaste næringane i alle fjordbygdene i Sogn målt i sysselsetjing og omsetnad

Besøksforvaltning

Det er etablert definerte tålegrenser for besøk og system for besøksforvaltning og trafikkstyring for heile regionen

Miljø

Sogn er best i verda på lokalsamfunns- og naturbasert reiseliv og klimautsleppa frå reiselivet i Sogn skal reduserast med 50% innan 2030.

Digitalisering

Reisemålet Sogn er fremst i verda på å bruke digitale løysingar og ny og nyttig teknologi

Kvalitet

Det er utvikla forpliktande kvalitetsprogram for alle ledd i reiselivet

Omsetning

Det er den svakaste månaden skal vere minst 50% av den sterkaste månaden målt i tal besøkande og omsetnad, og forbruket per gjest skal auke med minst 25% innan 2030.

Vegen til målet

For å nå dei overordna måla må det etablerast forpliktande partnarskap mellom dei ulike aktørane som til saman utgjer reisemålet Sogn. Masterplanen peikar på tre prioriterte strategiar, som på kvar sitt vis bidreg til å nå måla:

Utvikle
fellesressursane

Natur
Ta vare på sårbar natur, og jobbe systematisk med styrt tilrettelegging gjennom kommunale planar

Kultur
Løfte fram og utvikle kulturverdiane i heile regionen

Infrastruktur
Utvikle infrastruktur som aukar opplevingsverdien, tek vare på lokalsamfunna og naturen og som gjev inntekter som kan reinvestereast i meir infrastruktur

Datadreven forvaltning
Ta eigarskap til korleis Sogn skal eige og bruke data

Utvikle
næringa

Utvikle
verktøya og rammene

Klikk her for å sjå del 2

Innsatsområde